I denne gruppeoppgåva skulle vi opprette ein Wiki og deretter sjå nærmare på funksjonar og verkemidlar innanfor tre ulike nettsamfunn. Vi vart einige om å ta utgongspunkt i YouTube, Facebook og Del og Bruk: http://dkl102gruppe8.wikispaces.com/
For min del som aldri hadde vore borti Wiki som produsent var dette ekstra artig. Denne leksjonen er ein av grunnane til at eg går på studiet. Ein slik Wiki er fullt mogeleg å opprette i klassen min og ikkje minst ta i bruk som gir meining.
mandag 1. februar 2010
søndag 17. januar 2010
Sosial Web og læring
Sosial web, også kalla web 2.0, er i utgangspunktet nettsamfunn kor innhaldet i stor grad blir utvikla av brukarane. I samband med denne øvingsoppgåva har eg valt å melde meg inn i ”You Tube”, i tillegg til ”Facebook”, kor eg er medlem får før, og til slutt ”Del og bruk” som var obligatorisk.
You Tube er eit samfunn kor ein har tilgong til sjå og dele videosnuttar. Desse kan også kommenterast. Alle kan rett nok sjå videosnutane men kan ikkje delast utan at ein har oppretta You Tube -konto.
"Facebook hjelper deg med å holde kontakten og dele med menneskene i livet ditt" (Facebook 2010). Her kan ein finne og halde kontakten, komme med kommentarar med meir, med nesten alle på kloten. Sosialt og triveleg til rett bruk.
Del og bruk er ”eit nettverk for lærare, pedagogar, forskarar, byråkratar, bibliotekarar og andre med interesse for sosial web, IKT og skule. Del, øk og bruk din digitale kompetanse.”(D&b, 2010)
Eg arbeider til dagen på ein barneskule 1-7. Facebook er 13 årsaldersgrense på, og er ikkje aktuelt for ungane før ein kjem på ungdomssteget. Ja, eg har rett nok elevar som har oppretta kontoar likevel. Når det gjeld You Tube- konto, synest det ikkje å ha ei aldersgrense i det heile. Uansett, er det kanskje ikkje til å unngå at ungane opprettar kontoar. Ungane ligg dessutan ofte langt føre datakunnskapane til dei heime (og vi lærarar?). Ofte får me høyre i media om born og ungdom som blir trakassert i bloggar og på ulike nettsamfunn Eg meiner at det viktigaste me som lærarar i barneskulen er i første omgong å lære ungane nettvett. Dette gjeld så vel kva ein skriv som kva ein deler og lastar ned. Redd barna sine nettverksreglar kan i så fall vere eit godt utgangspunkt: http://nettvett.reddbarna.no/ . For å lykkast må de heime på bana. Eit godt samarbeid med skule og heim blir ikkje mindre aktuelt i åra som kjem.
You Tube kan du finne mykje bra og aktuelle videosnuttar, men det er etter mitt syn vanskeleg for ein 6-12 åring å finne fram til det ein leitar etter. Mykje tulle- og fjasevideoar er årsaka til det. Det må i så fall vere at ungane får ei link dei skal finne. Eg har sjølv som lærar nytta tuben til vise nokre gode snuttar. Ut frå min digitale ståstad er dette litt fjernt å trekkje elevane inn og bruke You Tube i undervisninga. Rett nok skal me ha inn digital kompetanse i alle fag. Men for meg kjem dette langt bak i køen av digital kompetanse. Rett nok ser eg det språklege ved denne weben. Ein skriv og ein les kva som blir skrive. Det er ein god måte å kommunisere på. Samstundes må ikkje motivasjonen utegløymast. For mange kan dette vere portalen for å lese og skrive.
No skal me lære meir om sosial web i studiet og eg har rett nok snudd før i dette studiet.
Den siste og ikkje minst obligatoriske kontoen for denne oppgåva var ”Del og bruk”. Dette var interessant. Mest for meg som lærar. Her var det mykje bra og ikkje minst dagsaktuelt med dei same problema og bekymringane som meg. Her kan eg kommentere og leggje inn Flott! Dette er eit samfunn som eg garantert kjem til å nytte meg av i framtida. Dette er dessutan ei side som eg kjem til å anbefale fleire av kollegiet mitt.

mandag 23. november 2009
Digital tekst
Vegen blir til medan ein går. Ja, det vil eg hevde i samband med dette studiet. No har me repetert og ikkje minst lært betydinga av skjermtekst, digitale tekstar og samansette tekstar. Spennande og interessant. 1.august i år vart det fastsett ein forskrift til opplæringslova. Den slår blant anna fast tydlegare krav til undervegsvurdering i tillegg til sluttvurderinga. Dessutan er det tydelege krav til eleven si medverknad i vurderingsarbeidet. Skal skulen kunne i møtekome dette kravet, trur eg at det me har lært i haust om digitale mapper med respons (gjerne prosessorientert skriving) og portefølje er ein god start på vegen. Opne mapper kor ein kan respondere og lære av kvarandre sine tekstar er spennande. No kan det heilt sikkert diskuterast opp og i mente med personvern til den enkelte eleven. Dette er ein uansett ein ny og kontroversiell måte å lære på min skule. Eg ser fleire og fleire ”mappeguruar” påpeikar det viktige/læringsseffekten med å ha mappene tilgjengeleg for andre. Med digitale hjelpemidlar er absolutt mogelegheitene tilstades.
søndag 22. november 2009
Rekneark
Eg har lite erfaringar ved bruk av rekneark i skulen. Difor var denne leksjonen heilt perfekt for meg. Rett nok har eg brukt det litt sporadisk, ja, nesten berre gjere det for å gjere det. Altså utan å ha eit mål i seg sjølv. No vil eg påstå at eg har i alle fall tatt kompetansesteget mitt opp eit hakk. Det er jo akkurat difor eg går på dette studiet; auke den digitale kompetansen min. I skulen er tilpassa undervisning eit sentralt mål. Eg må seie at desse leksjonane om Excel har imponert meg på det viset at ein får lov til å jobbe på det stadiet ein er komen på. Men òg moglegheiter for utvikling. For mitt vedkomande hadde eg ikkje moglegheiter tll å setje meg inn i det mest avanserte. Likevel har eg lagra Excel-linkar på maskina mi. Her skal det brukast meir tid. Moglegheitene er enorme. Eg trur som leksjonen tek opp at skal Excel-bruken i klasseromma bli vellykka må den grunnleggjande kompetansen til læraren vere på plass.
Hensyn
Ikkje kjekt å vere på etterskot. Eg hadde misforstått litt om synleggjering av enkelte delemner i bloggen. Uansett, eg ser at skulen vår ikkje har nokre klare retningslinjer når det gjeld publisering av bilete til dømes på nettet. Vel, dette blir sikkert meir aktuelt når ein får Fronter oppe og går i alle klassane og ikkje minst hos alle lærarane. Eg har i lang tid høyrt om ulik praktisering på ulike skular (aviser/media). Når ulik praktisering verserer blir ein stadig meir usikker. Eg las difor med stor iver leksjonen om hensyn. Eit eigentleg tungt lesestoff . Men, reglane er klare:
Til dømes klassebilete på nettet er dei føresette som har det endelege ordet (om ein under 15 år). Eg trur nok, som Høiland og Wølner skriv;
”Noen ganger skjer brudd med overlegg, andre ganger kan det skyldes
uvitenhet. Som lærere har vi en plikt til å sette oss inn i reglene og formidle
disse videre til elevene.” (Høiland og Wølner, 2007 s.57). Her har me ein veg å gå, særleg når no digital kompetanse skal integrerast i alle fag.
Når det gjeld opphavsrett til dei ulike bileta ein tar og ikkje minst hentar frå tildømes internett, er reglane klare. Verre blir det, som leksjonen tek opp, når det er ein kombinasjon av ulike medium. Eg tykkjer dette emnet er avansert og vanskeleg. Difor var det godt å få lagra linkar til opphavsklarert musikk frå leksjonen inn på maskina mi.

Lyd i Audacity
No har eg trykt, frustrert meg, knotta, fundert og endeleg fått det til med lydopptak til ei mp3-fil. Ein ser at det nyttar med litt sveitte og tårer og ein solid porsjon tålmodigheit. Dette var ein super leksjon for min del. No er det slutt på gamle kassettspelarar med bandopptakar! I blant anna kompetansemålet i 7.klasse kor ein skal lage radio, skal heretter Audacity nyttast! Det eg likar med programmet er at alle lærarane kan det i bruk. Ja, eg jobbar på ein skule med den gamle sorten av lærarar. Fagleg når eg dei kanskje til knea. Men datakunnskapane og ikkje minst haldningane til databruk deira er så som så. Eg meiner programmet er så enkelt at nokon stor introduksjon og bakgrunnskunnskap trengst ikkje. Rett nok kan ein nytte programmet meir avansert. Då må lærarane, som meg, setje seg ned og bruke tid føre datamaskinen. Knotting gjer meister! Rett nok var Lars Carlsson sin brukarmanual glimarande og god å ha som støtte.
Det som slår meg i det eg jobbar med emnet, er at det kun er fantasien som set grenser for bruken av programmet i ein pedagogisk samanheng. Dette er bra i ei tid kor me skal integrere digital kompetanse i alle fag.

onsdag 21. oktober 2009
Digital foto
I denne øvingsoppgåva har eg starta med å hente eit fotografibilete frå nettet.På dette biletet er motivet midtstilt og ved bruk av komplimentærfargane blått og oransje blir motivet ekstra framheva.
Fotografen har i tillegg brukt dybdeskarpheit. Det vil seie at sjølve motivet i framgrunnen fremastår som skarpt, medan bakgrunnen blir bevisst uskarp .
Ulike Verkemiddel for eiga fotografering:
Her har eg brukt eit fugleperspektiv av det norske flagget.Under har eg brukt eit froskeperspektiv av ei gran.

Soloppgong Bygstad, Sogn og Fjordane 21.10.09Her har eg nytta Picasa og beskjært biletet. Eg nyttar treet; stamme og grein som ramme for motivet (soloppgongen). Motivet kjem meir til sin rett enn det opphavelege biletet (under)

Soloppgong i Bygstad, Sogn og Fjordane 21.10.2009
(Opphaveleg bilete)
Tre ulike variantar av det same biletet:
Tre i soloppgong 21.10.09. Bygstad, Sogn og FjordaneHer er bilete beskjært, ved hjelp av Picasa, i eit kvadratisk format.

Tre i soloppgong i Bygstad 21.10.09. Her er biletet beskjært i Picasa og motivet (treet) er plassert i høve til tredjedelsregelen Ein ser (jamfør med opphaveleg bilete under) at ved å nytte beskjæring i Picasa det blir det meir fokus på hovudmotivet (som i denne samanhengen er treet).

Opphaveleg bilete av tre i soloppgong 21.10.09 Bygstad, Sogn og Fjordane
Eg meiner at tredjedelsregelen er i denne samanhengen best å nytte.Her blir fokuset treet, samstundes som me får med soloppgongen. Dette har nok noko m
ed , som leksjonen "Digital foto" tek opp: Vi som sjåarar opplever det meir spennande der motivet i biletet er plassert i kryssningspunkta til strekane. Vi er såleis meir oppmerksame på desse punkta.I det opphavelege biletet er det litt mykje "luft" rundt motivet og litt mykje "rot" med på bilete som tildømes kraftlina.
I det kvadratiske biletet tykkjer eg at treet rett nok blir motivet men soloppgongen forsvann litt. Det er også på dette bilete mykje "luft" under treet som tek vekk fokuset på motivet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)