onsdag 21. april 2010

Tilpassa Opplæring (TPO)

Skulen skal gje alle ei likeverdig opplæring. Her er det viktig skilje mellom likeverdig og lik undervisning. For å få likeverdig opplæring krevst det forskjellsbehandling og IKKJE lik behandling (Udir [online]).

Det er òg viktig å hugse på at tilpassa opplæring gjeld alle elevane, der nokon treng undervisninga meir tilpassa; som blir kalla spesialundervisning. Så korleis kan ikt vere ein ressurs i jobben for å sikre alle elevane sin rett til tilpassa undervisning –uansett føresetnader?

For det første må ikt vere eit verktøy for å nå målet. For det andre skal jo digital kunnskap inn i alle fag. Eit anna moment er læringsstilar. Eg har/ har hatt elevar som er eller var visuelt sterke og gjorde det veldig bra med oppgåver på data. Elles har eg gode erfaringar med samarbeidsoppgåver kor elevane lærer av kvarandre. Denne måten å bruke digitale hjelpemidlar på, legg godt til rette for både tilpassa opplæring og ikkje minst refleksjon over eiga læring. Dei svake får hjelp av dei sterke, medan dei sterke får utrykkje seg om noko dei kan, som dei lærer enda meir av. Samarbeidsoppgåver vere ein måte å utnytte elevane sine utviklingsmoglegheiter - den proksimale utviklingssona, som Vygotski kalla den. Elevane kan vere læremeistrar for kvarandre gjennom å vise og forklare under prosessen.
Dessutan gjev ofte denne type samarbeid og læring meirverdi i form av motivasjon hjå elevane. Det er og noko Karlsen og Wølner (2007, s.79) hevdar.

I det siste har eg òg nytta ikt ved å gje sterke elevar utfordringar ved å finne ut meir i program som Excel, Powerpoint og ikkje minst Picasa som vi har nytta på dette studiet,

Kunsten slik eg ser det er å kjenne til reidskapa og vite når vi skal nytte dei. Ikkje nytte dei berre for å nytte dei.

Tilslutt:
Sist torsdag var Fylkesmannen på synfaring i kommunen i temaet; Tilpassa opplæring(TPO). Oppe i alle oppgåveinnleveringar med meir, var sjølvsagt eg (av få lærarar kommunen) plukka ut til intervju med korleis dette blir i varetatt ved skulen vår. Sjølv om eg følte eg var oppe til munnleg eksamen, var denne erfaringa utruleg kjekk. Eg trur at slike ting har ein godt av og ikkje minst virke skjerpande på eit såpass viktig tema!
_________________________________________________________________
Karlsen. A.V. og Wølner, T.A. (2006) Den femte grunnleggende Ferdighet
- Portefølje og digitale mapper - et sted for læring. Oslo, Gyldendal Akademisk

Udir (2009) Likeverdig opplæring - et bidrag til å forstå sentrale begreper. [Internett]
Tilgjegeleg frå: http://udir.no/upload/Brosjyrer/Likeverdig_opplaring_brosjyre.pdf
[Lasta ned: 22.04.10]

søndag 4. april 2010

Informasjonskompetanse 1

Informasjonskompetanse kan delast i tre deler: Søke, vurdere og bruke.
Den oppveksande generasjon blir ofte beteikna som ”digital innfødde”, medan vi vaksne (lærarar) er ”digitale immigrantar”. Ein skulle tru at dei unge håpefulle hadde lært auka informasjonskompetanse på vegen. Slik er det dessverre ikkje! I ei dataverd kor kven som helst kan leggje inn kva som helst på nettet, blir informasjonskompetanse hjå barn og unge viktigare enn nokon gong. Tord Høivik, ved høgskulen i Oslo, peikar på viktigheita med å guide elevane i retning av gode læringsressursar som vi vaksne sjølv vel ut. Han set vidare fokus på fire punkt som kan føre til god informasjonskompetanse:

1)Ved å velge vevsteder av høy kvalitet når de søker på egen hånd
2)Ved å søke i kvalitetssikrede innganger til veven (emnekataloger, vevportaler)
3)Ved å bruke ressurser innenfor en kvalitetssikret læringsarena
4)Ved å bruke et skole- eller folkebibliotek – om nødvendig med personlig veiledning

Vi som lærarar må med andre ord gå vegen i lag med ungane. Vegen er lang og måten å gjere dette på blir gjennom aktiv bruk, lage gode emne/ oppgåver og ikkje minst etter kvart skape ein metakognisjon hjå ungane på vegen når det gjeld informasjonskompetanse.
----------------------------------------------------------------------------------------------
kjelder:
Høivik, T. (2008) Fire veier til kvalitet -Informasjonssøking og kvalitetssikring i en digital skole Dansk Biblioteksforskning årg. 4, nr. 1, 2008

lørdag 3. april 2010

Netvibes- Informasjonskompetanse 2

Etter å ha brukt ein solid dose med blod, sveitte og tårer fekk eg endeleg til å lage til ei netvibes-side. Frå å forstå null og niks til å skifte søkjemotor til Mozilla Firefox byrja ting å fungere. Etter å ha lage ei øveside til ei eventuell M3-oppgåve byrjar eg å forstå kor bra Netvibes fungerer med RSS- straumar (levande bokmerke- straumar). Her har ein moglegheiter til å få all informasjonsstrøm kome til deg på ei nettside. Fantastisk! Ser at eg må bli litt meir stø i kor eg finn desse Rss-straumane. Den store utfordringa blir både finne tema og straumar til siste mappeoppgåva. Utviklingspotensiale til elevane mine er store når det gjeld å utvikle både søkedugleikar og informasjonskompetanse. Netvibes er i høgste grad ein mogeleg og god innfallsvinkel!!

Her er skjermkutt til ”framsida” på sida mi:


Her har eg lagt til småprogramma som webnote, kalender og ver. Hotmail og Facebook-sida mi la eg òg til her. I tillegg oppretta eg faner for blant anna Blogg (RSS- straum frå medstudentar), nyheiter, diverse og Manchester United.


Eg la til leksjon 2 sine RSS-straumar om klima på ei eige klima-fane:

fredag 26. mars 2010

Bridge Constructions

Eg er i utgangspunktet skeptisk til dataspel i undervisninga. Samstundes veit eg at mykje læring skjer gjennom leik og spel. Likevel skal dataspelet vere bra om eg skal integrere det i undervisninga.

Forsking Viser nr 7 peikar på skal ein lykkast med dataspel i undervisninga må:
1) lærarane sette seg godt inn dei spela som blir brukt
2) Spela blir tilpassa elevane
3) Spela må brukast til uttalte læringsformål
4) Det må vere gode læringsrammer
5) Spela fungerer som læringsaktivitet i seg sjølv, og ikkje som belønning i forhold til tradisjonelle læringsopplegg.

Bridge Constructions er eit glimrande spel som går rett inn i denne kategorien.
I læreplanen under Naturfag står det under kompetansemål 4.klasse:
”-Eleven skal kunne planlegge , bygge og teste enkle modeller av byggkonstruksjoner…
-Eleven skal kunne beskrive konstruksjoner og samtale om hvorfor noen er meir stabile og tåler større belastning enn andre.” (Kufs 2006, s.86)

Dessutan skal jo ”Teknologi og design” inn i faga. Spelet er eit flott supplement til den tradisjonelle undervisninga. Mi bru kom på 6642 godt innanfor rammene (15 000) og null broken links. Var inne og såg på Ellen sin blogg og fann ut at eg måtte slå den rekorden (6911). Konkurransemannen i meg vakna (slik som hjå elevane). Eg fann ut om eg tok den første og siste trekanten litt mindre vart prisen mindre:


Det eksisterer sikkert fleire relevante spel på nettet. Utfordringa blir å finne dei, teste dei og ta dei i bruk. Dette må ein sjølvsagt gjere ved å bruke spelet for å nå eit mål og ikkje ta i bruk spelet for dataen si skuld.


'
Kjelder:
ITU (2006) Dataspill i skolen Forsking viser Nr.7 Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning [Internett] Tilgjengelig fra ITU: http://www.itu.no/filearchive/FV7.pdf

Kunnskapsdepartementet.(2006) Læreplanverket for Kunnskapsløftet - midlertidig
utgave juni 2006. Oslo:Utdanningsdirektoratet

mandag 1. mars 2010

Google nettsted

No har eg brukt to kveldar på å setje meg inn i Google nettsted. Dette vart gjort for å prøve ut om verktøyet kunne brukast i M2 oppgåva. Nettstaden fungerer på mange måtar som ein wiki, men samstundes har ein fleire moglegheiter: https://sites.google.com/site/dkl102nnvaaren2010gr8/home

mandag 15. februar 2010

Samansette tekstar -verktøy

Eg likar leksjonar med konkrete verktøy kor ein kan prøve og finne ut kva som passar for deg. Viktig i denne samanhengen er at bruken av verktøyet må ha eit mål- ikkje berre ta i bruk for å ta i bruk! Eg studerte "Comic life" utan å bli direkte imponert, Glogster var heilt greitt, men for min del var Xtranormal activity berre ei openberring!!! På skulen vår er det begrensa kva vi har av digitalt utstyr som tildømes videokamera. Eg har i fleire år leita på nettet etter eit program som kan støtta kunst og handverkfaget innanfor animasjon i 6.klasse. I læreplanen under grunnleggende dugleikar i faget står det blant anna: "Produksjon av digitale bilder står sentralt i elevanes arbeid med foto, skanning, animasjon, film og video".(Kuf s.131) At programmet per dags dato er på engelsk (og fransk) gjer at det krev litt meir av ungane. Digital kompetanse skal jo inn i faga!
Òg ja; dette er fullt mogeleg å bruke i undervisninga og verktøyet er i alle fall for meg eit glimrande hjelpemiddel for å nå målet:)
Her er linken som gjorde at kvelden vart morosam (i alle fall for meg): http://www.xtranormal.com/watch/6121911
Tilslutt: Ser at det er 13 årsaldersgrense- ein må i så fall informere foreldre om bruken på mellomsteget.

søndag 14. februar 2010

Tenkjeverktøy

Dette var ein glimrande leksjon for min del. Eg har aldri høyrt om digitale tankekart og Mindomo. Programmet var lett å bruke, lett å redigere og ikkje minst veldig praktisk. Eg har nytta mykje skriftlege tankekart i mi undervisning. Mest som ei oppsummering av det viktigaste innanfor temaet. Eg opplever ofte at dei siste bitane fell på plass hjå ungane. Enkelte elevar er dessutan meir visuelt sterke og drar meir nytte av ei slik undervisning. Eg tok utgongspunkt i eit tema vi arbeidde med i 6.klasse og laga eit digitalt tankekart om lyd:
http://www.mindomo.com/view.htm?m=3ff75fe00aee486e9fee1587bea9f728