onsdag 21. april 2010

Tilpassa Opplæring (TPO)

Skulen skal gje alle ei likeverdig opplæring. Her er det viktig skilje mellom likeverdig og lik undervisning. For å få likeverdig opplæring krevst det forskjellsbehandling og IKKJE lik behandling (Udir [online]).

Det er òg viktig å hugse på at tilpassa opplæring gjeld alle elevane, der nokon treng undervisninga meir tilpassa; som blir kalla spesialundervisning. Så korleis kan ikt vere ein ressurs i jobben for å sikre alle elevane sin rett til tilpassa undervisning –uansett føresetnader?

For det første må ikt vere eit verktøy for å nå målet. For det andre skal jo digital kunnskap inn i alle fag. Eit anna moment er læringsstilar. Eg har/ har hatt elevar som er eller var visuelt sterke og gjorde det veldig bra med oppgåver på data. Elles har eg gode erfaringar med samarbeidsoppgåver kor elevane lærer av kvarandre. Denne måten å bruke digitale hjelpemidlar på, legg godt til rette for både tilpassa opplæring og ikkje minst refleksjon over eiga læring. Dei svake får hjelp av dei sterke, medan dei sterke får utrykkje seg om noko dei kan, som dei lærer enda meir av. Samarbeidsoppgåver vere ein måte å utnytte elevane sine utviklingsmoglegheiter - den proksimale utviklingssona, som Vygotski kalla den. Elevane kan vere læremeistrar for kvarandre gjennom å vise og forklare under prosessen.
Dessutan gjev ofte denne type samarbeid og læring meirverdi i form av motivasjon hjå elevane. Det er og noko Karlsen og Wølner (2007, s.79) hevdar.

I det siste har eg òg nytta ikt ved å gje sterke elevar utfordringar ved å finne ut meir i program som Excel, Powerpoint og ikkje minst Picasa som vi har nytta på dette studiet,

Kunsten slik eg ser det er å kjenne til reidskapa og vite når vi skal nytte dei. Ikkje nytte dei berre for å nytte dei.

Tilslutt:
Sist torsdag var Fylkesmannen på synfaring i kommunen i temaet; Tilpassa opplæring(TPO). Oppe i alle oppgåveinnleveringar med meir, var sjølvsagt eg (av få lærarar kommunen) plukka ut til intervju med korleis dette blir i varetatt ved skulen vår. Sjølv om eg følte eg var oppe til munnleg eksamen, var denne erfaringa utruleg kjekk. Eg trur at slike ting har ein godt av og ikkje minst virke skjerpande på eit såpass viktig tema!
_________________________________________________________________
Karlsen. A.V. og Wølner, T.A. (2006) Den femte grunnleggende Ferdighet
- Portefølje og digitale mapper - et sted for læring. Oslo, Gyldendal Akademisk

Udir (2009) Likeverdig opplæring - et bidrag til å forstå sentrale begreper. [Internett]
Tilgjegeleg frå: http://udir.no/upload/Brosjyrer/Likeverdig_opplaring_brosjyre.pdf
[Lasta ned: 22.04.10]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar