I denne øvingsoppgåva har eg starta med å hente eit fotografibilete frå nettet.
På dette biletet er motivet midtstilt og ved bruk av komplimentærfargane blått og oransje blir motivet ekstra framheva.
Fotografen har i tillegg brukt dybdeskarpheit. Det vil seie at sjølve motivet i framgrunnen fremastår som skarpt, medan bakgrunnen blir bevisst uskarp .
Ulike Verkemiddel for eiga fotografering:
Her har eg brukt eit fugleperspektiv av det norske flagget.
Under har eg brukt eit froskeperspektiv av ei gran.
Soloppgong Bygstad, Sogn og Fjordane 21.10.09
Her har eg nytta Picasa og beskjært biletet. Eg nyttar treet; stamme og grein som ramme for motivet (soloppgongen). Motivet kjem meir til sin rett enn det opphavelege biletet (under)
Soloppgong i Bygstad, Sogn og Fjordane 21.10.2009
(Opphaveleg bilete)
Tre ulike variantar av det same biletet:
Tre i soloppgong 21.10.09. Bygstad, Sogn og Fjordane
Her er bilete beskjært, ved hjelp av Picasa, i eit kvadratisk format.
Tre i soloppgong i Bygstad 21.10.09. Her er biletet beskjært i Picasa og motivet (treet) er plassert i høve til tredjedelsregelen Ein ser (jamfør med opphaveleg bilete under) at ved å nytte beskjæring i Picasa det blir det meir fokus på hovudmotivet (som i denne samanhengen er treet).
Opphaveleg bilete av tre i soloppgong 21.10.09 Bygstad, Sogn og Fjordane
Eg meiner at tredjedelsregelen er i denne samanhengen best å nytte.Her blir fokuset treet, samstundes som me får med soloppgongen. Dette har nok noko med , som leksjonen "Digital foto" tek opp: Vi som sjåarar opplever det meir spennande der motivet i biletet er plassert i kryssningspunkta til strekane. Vi er såleis meir oppmerksame på desse punkta.
I det opphavelege biletet er det litt mykje "luft" rundt motivet og litt mykje "rot" med på bilete som tildømes kraftlina.
I det kvadratiske biletet tykkjer eg at treet rett nok blir motivet men soloppgongen forsvann litt. Det er også på dette bilete mykje "luft" under treet som tek vekk fokuset på motivet.
onsdag 21. oktober 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar