mandag 15. februar 2010

Samansette tekstar -verktøy

Eg likar leksjonar med konkrete verktøy kor ein kan prøve og finne ut kva som passar for deg. Viktig i denne samanhengen er at bruken av verktøyet må ha eit mål- ikkje berre ta i bruk for å ta i bruk! Eg studerte "Comic life" utan å bli direkte imponert, Glogster var heilt greitt, men for min del var Xtranormal activity berre ei openberring!!! På skulen vår er det begrensa kva vi har av digitalt utstyr som tildømes videokamera. Eg har i fleire år leita på nettet etter eit program som kan støtta kunst og handverkfaget innanfor animasjon i 6.klasse. I læreplanen under grunnleggende dugleikar i faget står det blant anna: "Produksjon av digitale bilder står sentralt i elevanes arbeid med foto, skanning, animasjon, film og video".(Kuf s.131) At programmet per dags dato er på engelsk (og fransk) gjer at det krev litt meir av ungane. Digital kompetanse skal jo inn i faga!
Òg ja; dette er fullt mogeleg å bruke i undervisninga og verktøyet er i alle fall for meg eit glimrande hjelpemiddel for å nå målet:)
Her er linken som gjorde at kvelden vart morosam (i alle fall for meg): http://www.xtranormal.com/watch/6121911
Tilslutt: Ser at det er 13 årsaldersgrense- ein må i så fall informere foreldre om bruken på mellomsteget.

søndag 14. februar 2010

Tenkjeverktøy

Dette var ein glimrande leksjon for min del. Eg har aldri høyrt om digitale tankekart og Mindomo. Programmet var lett å bruke, lett å redigere og ikkje minst veldig praktisk. Eg har nytta mykje skriftlege tankekart i mi undervisning. Mest som ei oppsummering av det viktigaste innanfor temaet. Eg opplever ofte at dei siste bitane fell på plass hjå ungane. Enkelte elevar er dessutan meir visuelt sterke og drar meir nytte av ei slik undervisning. Eg tok utgongspunkt i eit tema vi arbeidde med i 6.klasse og laga eit digitalt tankekart om lyd:
http://www.mindomo.com/view.htm?m=3ff75fe00aee486e9fee1587bea9f728

mandag 1. februar 2010

Sosial web 2 - Wiki

I denne gruppeoppgåva skulle vi opprette ein Wiki og deretter sjå nærmare på funksjonar og verkemidlar innanfor tre ulike nettsamfunn. Vi vart einige om å ta utgongspunkt i YouTube, Facebook og Del og Bruk: http://dkl102gruppe8.wikispaces.com/

For min del som aldri hadde vore borti Wiki som produsent var dette ekstra artig. Denne leksjonen er ein av grunnane til at eg går på studiet. Ein slik Wiki er fullt mogeleg å opprette i klassen min og ikkje minst ta i bruk som gir meining.

søndag 17. januar 2010

Sosial Web og læring

Sosial web, også kalla web 2.0, er i utgangspunktet nettsamfunn kor innhaldet i stor grad blir utvikla av brukarane. I samband med denne øvingsoppgåva har eg valt å melde meg inn i ”You Tube”, i tillegg til ”Facebook”, kor eg er medlem får før, og til slutt ”Del og bruk” som var obligatorisk.

You Tube er eit samfunn kor ein har tilgong til sjå og dele videosnuttar. Desse kan også kommenterast. Alle kan rett nok sjå videosnutane men kan ikkje delast utan at ein har oppretta You Tube -konto.

"Facebook hjelper deg med å holde kontakten og dele med menneskene i livet ditt" (Facebook 2010). Her kan ein finne og halde kontakten, komme med kommentarar med meir, med nesten alle på kloten. Sosialt og triveleg til rett bruk.

Del og bruk er ”eit nettverk for lærare, pedagogar, forskarar, byråkratar, bibliotekarar og andre med interesse for sosial web, IKT og skule. Del, øk og bruk din digitale kompetanse.”(D&b, 2010)

Eg arbeider til dagen på ein barneskule 1-7. Facebook er 13 årsaldersgrense på, og er ikkje aktuelt for ungane før ein kjem på ungdomssteget. Ja, eg har rett nok elevar som har oppretta kontoar likevel. Når det gjeld You Tube- konto, synest det ikkje å ha ei aldersgrense i det heile. Uansett, er det kanskje ikkje til å unngå at ungane opprettar kontoar. Ungane ligg dessutan ofte langt føre datakunnskapane til dei heime (og vi lærarar?). Ofte får me høyre i media om born og ungdom som blir trakassert i bloggar og på ulike nettsamfunn Eg meiner at det viktigaste me som lærarar i barneskulen er i første omgong å lære ungane nettvett. Dette gjeld så vel kva ein skriv som kva ein deler og lastar ned. Redd barna sine nettverksreglar kan i så fall vere eit godt utgangspunkt: http://nettvett.reddbarna.no/ . For å lykkast må de heime på bana. Eit godt samarbeid med skule og heim blir ikkje mindre aktuelt i åra som kjem.

You Tube kan du finne mykje bra og aktuelle videosnuttar, men det er etter mitt syn vanskeleg for ein 6-12 åring å finne fram til det ein leitar etter. Mykje tulle- og fjasevideoar er årsaka til det. Det må i så fall vere at ungane får ei link dei skal finne. Eg har sjølv som lærar nytta tuben til vise nokre gode snuttar. Ut frå min digitale ståstad er dette litt fjernt å trekkje elevane inn og bruke You Tube i undervisninga. Rett nok skal me ha inn digital kompetanse i alle fag. Men for meg kjem dette langt bak i køen av digital kompetanse. Rett nok ser eg det språklege ved denne weben. Ein skriv og ein les kva som blir skrive. Det er ein god måte å kommunisere på. Samstundes må ikkje motivasjonen utegløymast. For mange kan dette vere portalen for å lese og skrive.

No skal me lære meir om sosial web i studiet og eg har rett nok snudd før i dette studiet.

Den siste og ikkje minst obligatoriske kontoen for denne oppgåva var ”Del og bruk”. Dette var interessant. Mest for meg som lærar. Her var det mykje bra og ikkje minst dagsaktuelt med dei same problema og bekymringane som meg. Her kan eg kommentere og leggje inn Flott! Dette er eit samfunn som eg garantert kjem til å nytte meg av i framtida. Dette er dessutan ei side som eg kjem til å anbefale fleire av kollegiet mitt.

mandag 23. november 2009

Digital tekst

Vegen blir til medan ein går. Ja, det vil eg hevde i samband med dette studiet. No har me repetert og ikkje minst lært betydinga av skjermtekst, digitale tekstar og samansette tekstar. Spennande og interessant. 1.august i år vart det fastsett ein forskrift til opplæringslova. Den slår blant anna fast tydlegare krav til undervegsvurdering i tillegg til sluttvurderinga. Dessutan er det tydelege krav til eleven si medverknad i vurderingsarbeidet. Skal skulen kunne i møtekome dette kravet, trur eg at det me har lært i haust om digitale mapper med respons (gjerne prosessorientert skriving) og portefølje er ein god start på vegen. Opne mapper kor ein kan respondere og lære av kvarandre sine tekstar er spennande. No kan det heilt sikkert diskuterast opp og i mente med personvern til den enkelte eleven. Dette er ein uansett ein ny og kontroversiell måte å lære på min skule. Eg ser fleire og fleire ”mappeguruar” påpeikar det viktige/læringsseffekten med å ha mappene tilgjengeleg for andre. Med digitale hjelpemidlar er absolutt mogelegheitene tilstades.

søndag 22. november 2009

Rekneark

Eg har lite erfaringar ved bruk av rekneark i skulen. Difor var denne leksjonen heilt perfekt for meg. Rett nok har eg brukt det litt sporadisk, ja, nesten berre gjere det for å gjere det. Altså utan å ha eit mål i seg sjølv. No vil eg påstå at eg har i alle fall tatt kompetansesteget mitt opp eit hakk. Det er jo akkurat difor eg går på dette studiet; auke den digitale kompetansen min. I skulen er tilpassa undervisning eit sentralt mål. Eg må seie at desse leksjonane om Excel har imponert meg på det viset at ein får lov til å jobbe på det stadiet ein er komen på. Men òg moglegheiter for utvikling. For mitt vedkomande hadde eg ikkje moglegheiter tll å setje meg inn i det mest avanserte. Likevel har eg lagra Excel-linkar på maskina mi. Her skal det brukast meir tid. Moglegheitene er enorme. Eg trur som leksjonen tek opp at skal Excel-bruken i klasseromma bli vellykka må den grunnleggjande kompetansen til læraren vere på plass.

Hensyn

Ikkje kjekt å vere på etterskot. Eg hadde misforstått litt om synleggjering av enkelte delemner i bloggen. Uansett, eg ser at skulen vår ikkje har nokre klare retningslinjer når det gjeld publisering av bilete til dømes på nettet. Vel, dette blir sikkert meir aktuelt når ein får Fronter oppe og går i alle klassane og ikkje minst hos alle lærarane. Eg har i lang tid høyrt om ulik praktisering på ulike skular (aviser/media). Når ulik praktisering verserer blir ein stadig meir usikker. Eg las difor med stor iver leksjonen om hensyn. Eit eigentleg tungt lesestoff . Men, reglane er klare:
Til dømes klassebilete på nettet er dei føresette som har det endelege ordet (om ein under 15 år). Eg trur nok, som Høiland og Wølner skriv;
”Noen ganger skjer brudd med overlegg, andre ganger kan det skyldes
uvitenhet. Som lærere har vi en plikt til å sette oss inn i reglene og formidle
disse videre til elevene.” (Høiland og Wølner, 2007 s.57). Her har me ein veg å gå, særleg når no digital kompetanse skal integrerast i alle fag.
Når det gjeld opphavsrett til dei ulike bileta ein tar og ikkje minst hentar frå tildømes internett, er reglane klare. Verre blir det, som leksjonen tek opp, når det er ein kombinasjon av ulike medium. Eg tykkjer dette emnet er avansert og vanskeleg. Difor var det godt å få lagra linkar til opphavsklarert musikk frå leksjonen inn på maskina mi.