Det fins ulike lenkjer ute på nettet, både når det gjeld elevarbeid og læringsressursar som nyttar hypertekstualitet, Interaktivitet eller Multimodalitet.
Forfattarane Iversen og Otnes omtalar hypertekstualitet som eit overordna struktureringsprinsipp og at i ein hypertekst kan lesaren sjølv velje kvar han vil gå vidare (Otnes (red.) 2009,s. 132). Interaktivitet blir omtala som eit samspel mellom brukar og noko/ nokon (gjerne pc). Multimodalitet er omtala av dei same forfattarane som ein tekst som krev fleire medium for å formidle bodskapen sin. Dette kan vere tekst i saman med lyd og bilete
Døme på elevarbeid:
Nyplass skule nyttar photostory (tekst og bilete): http://www.pedsenteret.no/skoleeksempler/linkside-skoleeksempler.htm (multimodalitet)
Fremmedspråksenteret viser døme frå 4.klasse (bilete og lyd):
http://skoleledelse.no/sdu/08/presentasjoner/Dahlberg_Pettersen_S4B.pdfhttp://skoleledelse.no/sdu/08/presentasjoner/Dahlberg_Pettersen_S4B.pdf (multimodalitet)
Medan Årstad vgs i Bergen viser eit litt meir ”profesjonelt” arbeid innanfor sjangeren multimodalitet: http://www.medialinjen.net/elevarbeid.html
Når det gjeld læringsressursar nyttar eg sjølv heimesidene til Multi (http://www.gyldendal.no/multi/ ) og Stairs (http://stairs.cappelendamm.no/ ) i undervisninga. Me har på skulen satsa på desse bøkene og difor blir dette ei naturleg oppfølging av pensumet. Begge hovudsidene er bygd opp av hyperlenkjer. Vidare nyttar sidene interaktivitet mellom eleven og nettsida. Ei anna nettside som eg har nytta mykje: http://www.steinalder.no/
Det fins mykje bra av ressursar ute på nettet. Digital ferdigheit skal jo integrerast i alle fag. Difor er og blir dette positivt. Men eg er veldig opptatt av at ein nyttar sunn fornuft oppe i det heile. Ein må nytte data til rett bruk, ikkje bruke data berre for å bruke data. Som lærar må ein heile vegen ha eit mål og meining med undervisninga. Sjølv har eg brukt (med hell!) desse nettsidene som supplement til undervisninga i etterkant av temaet (heile klassa). Ofte kan dette vere motiverande og ikkje minst supplerande for elevane. I tillegg får elevane repetert fagstoffet. Vidare blir sjølvsagt dette med læringsstilar viktig. Elevane lærer som kjent ulikt. I og med at sidene er mykje bygd opp på bilte og lyd blir dette midt i blinken for dei visuelt og auditive sterke elevane. Ein liten bakdel med sidene: Ofte er sidene bygd opp med alternative svar. Dette kan føre til tipping av svar av enkelte elevar. Mi erfaring er altså å bruke data til det det er godt for.
Til slutt må eg nemne Iversen og Otnes sine elevtekstar om hypetekstforteljingar var ei spennande lesing!
_________________________________________________________________
Otnes (2009) Å være digital i alle fag Universitetsforlaget
tirsdag 6. oktober 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar