onsdag 7. oktober 2009

Digitale tekstar - plagiat og utfordringar

Eg arbeider til dagen på mellomsteget. Eg har full forståing på at plagiat og juks ved tilgongen til digitale tekstar kan vere eit problem høgare opp i skulegongen. Sjølv har eg opplevd ved eit par høve at elevane kjem på skulen med tekst som er meir eller mindre kopiert frå nettet. Desse tekstane er som regel prega av vaksenspråk eller er bokmålinfisert og dermed enkelt å forstå kva som er gjort.
Eg trur det er viktig allereie på barnesteget å arbeide med haldningar og tillit mellom lærar og elev. Dette er òg noko som innlegga i bloggen til Jon påpeikar. I tillegg må me som lærarar jobbe med den enkelte elev og prøve å oppmuntre og motivere dei til å bli stadig betre skrivarar. Eigarforhold til sin eigen tekst og utvikling er vel kanskje eit nøkkelord i denne samanhengen.
__________________________________________________________________
JonblOGG Tilgjengeleg frå: http://infodesign.no/2007/03/legitimerer-teknisk-plagiatkontroll-en.htm?

1 kommentar:

  1. Vi ser og dette problemet med kopiering når elevane skal søke etter informasjon for td. å lage ei veggavis. Dei set seg med pc og googlar det, finn noko så skriv dei ut og nyttar det som sitt. Vi har ein jobb å gjere på dette området nede i barneskulen ser eg ja. Vi må arbeide med haldningane til dette og lære elevane ganske tidleg å gjere kritiske nettsøk. Slik at dei får opp det som er relevant å så jobbe vidare med det.

    SvarSlett