onsdag 21. april 2010

Tilpassa Opplæring (TPO)

Skulen skal gje alle ei likeverdig opplæring. Her er det viktig skilje mellom likeverdig og lik undervisning. For å få likeverdig opplæring krevst det forskjellsbehandling og IKKJE lik behandling (Udir [online]).

Det er òg viktig å hugse på at tilpassa opplæring gjeld alle elevane, der nokon treng undervisninga meir tilpassa; som blir kalla spesialundervisning. Så korleis kan ikt vere ein ressurs i jobben for å sikre alle elevane sin rett til tilpassa undervisning –uansett føresetnader?

For det første må ikt vere eit verktøy for å nå målet. For det andre skal jo digital kunnskap inn i alle fag. Eit anna moment er læringsstilar. Eg har/ har hatt elevar som er eller var visuelt sterke og gjorde det veldig bra med oppgåver på data. Elles har eg gode erfaringar med samarbeidsoppgåver kor elevane lærer av kvarandre. Denne måten å bruke digitale hjelpemidlar på, legg godt til rette for både tilpassa opplæring og ikkje minst refleksjon over eiga læring. Dei svake får hjelp av dei sterke, medan dei sterke får utrykkje seg om noko dei kan, som dei lærer enda meir av. Samarbeidsoppgåver vere ein måte å utnytte elevane sine utviklingsmoglegheiter - den proksimale utviklingssona, som Vygotski kalla den. Elevane kan vere læremeistrar for kvarandre gjennom å vise og forklare under prosessen.
Dessutan gjev ofte denne type samarbeid og læring meirverdi i form av motivasjon hjå elevane. Det er og noko Karlsen og Wølner (2007, s.79) hevdar.

I det siste har eg òg nytta ikt ved å gje sterke elevar utfordringar ved å finne ut meir i program som Excel, Powerpoint og ikkje minst Picasa som vi har nytta på dette studiet,

Kunsten slik eg ser det er å kjenne til reidskapa og vite når vi skal nytte dei. Ikkje nytte dei berre for å nytte dei.

Tilslutt:
Sist torsdag var Fylkesmannen på synfaring i kommunen i temaet; Tilpassa opplæring(TPO). Oppe i alle oppgåveinnleveringar med meir, var sjølvsagt eg (av få lærarar kommunen) plukka ut til intervju med korleis dette blir i varetatt ved skulen vår. Sjølv om eg følte eg var oppe til munnleg eksamen, var denne erfaringa utruleg kjekk. Eg trur at slike ting har ein godt av og ikkje minst virke skjerpande på eit såpass viktig tema!
_________________________________________________________________
Karlsen. A.V. og Wølner, T.A. (2006) Den femte grunnleggende Ferdighet
- Portefølje og digitale mapper - et sted for læring. Oslo, Gyldendal Akademisk

Udir (2009) Likeverdig opplæring - et bidrag til å forstå sentrale begreper. [Internett]
Tilgjegeleg frå: http://udir.no/upload/Brosjyrer/Likeverdig_opplaring_brosjyre.pdf
[Lasta ned: 22.04.10]

søndag 4. april 2010

Informasjonskompetanse 1

Informasjonskompetanse kan delast i tre deler: Søke, vurdere og bruke.
Den oppveksande generasjon blir ofte beteikna som ”digital innfødde”, medan vi vaksne (lærarar) er ”digitale immigrantar”. Ein skulle tru at dei unge håpefulle hadde lært auka informasjonskompetanse på vegen. Slik er det dessverre ikkje! I ei dataverd kor kven som helst kan leggje inn kva som helst på nettet, blir informasjonskompetanse hjå barn og unge viktigare enn nokon gong. Tord Høivik, ved høgskulen i Oslo, peikar på viktigheita med å guide elevane i retning av gode læringsressursar som vi vaksne sjølv vel ut. Han set vidare fokus på fire punkt som kan føre til god informasjonskompetanse:

1)Ved å velge vevsteder av høy kvalitet når de søker på egen hånd
2)Ved å søke i kvalitetssikrede innganger til veven (emnekataloger, vevportaler)
3)Ved å bruke ressurser innenfor en kvalitetssikret læringsarena
4)Ved å bruke et skole- eller folkebibliotek – om nødvendig med personlig veiledning

Vi som lærarar må med andre ord gå vegen i lag med ungane. Vegen er lang og måten å gjere dette på blir gjennom aktiv bruk, lage gode emne/ oppgåver og ikkje minst etter kvart skape ein metakognisjon hjå ungane på vegen når det gjeld informasjonskompetanse.
----------------------------------------------------------------------------------------------
kjelder:
Høivik, T. (2008) Fire veier til kvalitet -Informasjonssøking og kvalitetssikring i en digital skole Dansk Biblioteksforskning årg. 4, nr. 1, 2008

lørdag 3. april 2010

Netvibes- Informasjonskompetanse 2

Etter å ha brukt ein solid dose med blod, sveitte og tårer fekk eg endeleg til å lage til ei netvibes-side. Frå å forstå null og niks til å skifte søkjemotor til Mozilla Firefox byrja ting å fungere. Etter å ha lage ei øveside til ei eventuell M3-oppgåve byrjar eg å forstå kor bra Netvibes fungerer med RSS- straumar (levande bokmerke- straumar). Her har ein moglegheiter til å få all informasjonsstrøm kome til deg på ei nettside. Fantastisk! Ser at eg må bli litt meir stø i kor eg finn desse Rss-straumane. Den store utfordringa blir både finne tema og straumar til siste mappeoppgåva. Utviklingspotensiale til elevane mine er store når det gjeld å utvikle både søkedugleikar og informasjonskompetanse. Netvibes er i høgste grad ein mogeleg og god innfallsvinkel!!

Her er skjermkutt til ”framsida” på sida mi:


Her har eg lagt til småprogramma som webnote, kalender og ver. Hotmail og Facebook-sida mi la eg òg til her. I tillegg oppretta eg faner for blant anna Blogg (RSS- straum frå medstudentar), nyheiter, diverse og Manchester United.


Eg la til leksjon 2 sine RSS-straumar om klima på ei eige klima-fane: