søndag 27. september 2009

Datavirus på skulen – Kven har ansvaret for å unngå det?

(Obs! tabbe! Gløymde å gi innlegget etikett!, prøver igjen)
I utgangspunktet har alle elevane og lærarane ansvar for, så langt som mogeleg, å unngå virus på maskinane. Ein må jobbe med haldningar og kunnskap om temaet blant både lærarane og elevane. Vidare må det sjølvsagt vere nokon overordna som er ansvarleg/ passar på at det er oppdaterte antivirusprogram på maskinane. Dette er eigentleg eit greitt utgangspunkt.

Men eit stort problem på skulen, slik eg ser det, er rett og slett er det er ikkje alle elevane som ikkje har det same eigarforholda til maskinane. Dette er maskinar som absolutt får ein annan og mykje tøffare behandling enn den private maskina heime. Vi opplever av og til at enkelte av elevane kan meir enn lærarane. Dette er og blir eit problem i og med at datautviklinga berre går fortare og fortare. Det er ikkje alltid like enkelt å henge med i utviklinga. Er ikkje lærarane kompetente eller årvakne nok, hender det frå tid til annan at nokon ”blæs” bevisst eller ubevisst i datareglane ved skulen (opne e-postar ukritisk, klikke på lenker ein ikkje veit kjem i frå, putte inn minnepennar …. etc) og fører maskinane ut i eit risikoområde. Sjølv om vi i høgste grad er på rett veg innanfor området har vi stadig ein veg å gå!

testinnlegg haust09

Ok, me prøver igjen. Skummelt! Vel, litt prøving og feiling blir det rett nok!

testhaust 09

Ok. Då var bloggen oppretta. Litt skummelt! Vel, prøving og feiling må vel til:)